fredag 20. januar 2012

Problem på polet...



Eg brukte ganske lang tid på å finne fram til fredagsvinen- og valet fall i dag på "Durius". Det er ein spanjol som eg trygt kan TILRÅ andre vindrikkande menneske å væte ganen med(!)(og det var ikkje ironisk meint, for den var verkeleg knallgod).
MEN. For det er eit men... Kjøpet av denne eksellente vin kosta meg lett blussande kinn og litt latter. Då eg resolutt sette flaska på disken kvitterte ekspeditrisa med eit lett mumlande og avventande: -Aldersbevis? - noko som fekk meg, den lett aldrande ungdomsskolelæraren, til å kremte forskremt, før eg noko småsarkastisk ymta frampå om at eg snart ville fylle 37 år.
Eg har ei dotter på 17, snart 18 faktisk- og eg er noko usikker på om det er eit godt eller eit dårleg teikn at eg blir skulda for å være i samme årsklassa som dotter mi...
Dama som sto bak meg i køa prøvde å trøyste meg. Eg burde faktisk ta det som ein kompliment, hevda ho. Eg kan sjølvsagt prøve å tolke det i beste meining.
Og: til alle innbilske 40-åringar: LIGG UNNA. Eg vil IKKJE bli utsett for BARNEROV. Berre så det er sagt.
God helg....

PS. Det var i allefall ein utmerkt vin.

torsdag 5. januar 2012

Litt om kvardagen slik han artar seg

"Denne bloggen er laga under tvang"- det vil eg seie at er Dagens Sitat. Det verste er at det er litt søtt. Og litt tøft, og det er da vel og det det var tenkt å vere.
10 A er i gang med å lage samfunnsfagblogg. Og avis. Og gud veit kva det neste vil bli.
Da rådgjevaren kom og skulle ha med seg ein kar til samtale- nettopp under bloggarbeidet- kom følgande kommentar: "Takk Gud". Eg som trudde(banalt, eg veit det) at blogg var rette frelsa for skoletrøytte ungdommar. Kan det bety at RLE-undervisninga har gått inn, ja kan hende betyr det det.
Sidan eg byrja på arbeid att etter jul har det faktisk vore mykje bråk i øyro. Eg held faktisk på å miste høyrsla på det eine øyret. Som hevn skal eg seie ordet EKSAMEN med skummel stemme heile januar, februar, mars og april.
Eg er ein lærar og eg driv med tvang. Amen.