lørdag 6. februar 2010

Lyrisk undervisning

Eg hadde vore på studiesamling ved NTNU og hadde overnatta på pensjonat tre dagar.
Ein liten, grøn fugl kviskra meg i intuisjonen at eg skulle spørje elevane om dei visste kva PENSJONAT var for noko. Det visste dei nok ikkje. Og fordi eg skulle lese mitt nyskrivne pensjonatdikt for dei, måtte vi komme til botns i ordet. Fint. Då var det berre å hoppe i det. Det einaste svaret var "ein plass der det bur gamle folk". Høhø. Her tenkte dei håpefulle på PENSJONÆR,som høyrest ut som er ein pensjonat-bebuar, nokså lett å vikle saman med PENSJONIST: "person som lever av pensjon". Når eg no tenkjer meg om, kjem eg på eit skilt, plassert ved innkjørselen til nærbutikken, med teksten "pensjonærhjem"- og kven bur der? Ehem. Pensjonistar. Men Bokmålsordlista, førd i penna av Kulbranstad og Lundeby, slår fast at pensjonat er :"sted som yter kost og losji mot betaling". Så neste gong eg tek inn på pensjonatet, kjem eg til å krevje MAT. For det fekk eg ikkje sist, nemleg.
Eg las pensjonatdiktet... måtte til og med lese det to gonger. Her kjem det:

Den mjukt sukkande
lyden av drypp
frå ei kran
på pensjonatet
som små saktmodige sukk
frå ein oppgitt student
som har lese mange sider
tungt språk og lengtar
etter å gå ut i vintersola og
absorbere
vitamin
la huda suge til seg
A og D
ja gjerne heile alfabetet
med det samme
slik at ein ikkje blir
forkjøla
og må bærast ut av
lesesalen
som var ein ei sleip snegle
på troppa
-for så ikkje å sleppe inn att
dette semesteret
Amen

5 kommentarer:

  1. Eg likar framstillinga di av kor mykje du hugleikar lyrisk diktning. Eg er sjølv ein stor fan av dei lyriske virkemidla og diktninga, eg håpar på å kunne dele mine eigne ideear med deg.
    Eg har ein liten forfattarspire i magen skjønar du.

    SvarSlett
  2. Eg har oppdaga ein liten skrivefeil...
    Det skal stå ei istaden for ein, skreiv denne kommentaren på tjue sekunder, så det gjekk litt for fort i svingane.

    SvarSlett
  3. Kjære elev/spire! "Hugleikar" er eit ord som ikkje står i nynorskordlista. Hugnad, derimot, betyr "glede/hyggje". Så ein kan seie at eg har hugnad av lyrisk diktning. Så flott at du har EI forfattarspire i magen og ikke TO eller FIRE,haha. Men eg er glad for alle elevar som 1) slår opp i ordlista og 2)har hugnad av dikt. Thank you :-)

    SvarSlett
  4. Her er det bare å bli inspirert. Skjønner jeg har langt igjen til til å bli en inspirerende norsklærer

    SvarSlett
  5. Dikta dine er kakk i hovudet.
    Dei seier: Stopp! Kjenn.


    Takk for diktet!

    SvarSlett