tirsdag 21. juni 2011

Eg - ein diktar




Eg trur eg var 10 år den første gongen eg opplevde gleda ved å skrive. Det gjorde noko med meg. Det gjer framleis noko med meg. Dette noko har å gjere med glede, mestring, energi. Kan hende er skriving ein måte å få til det umoglege på?
Forfattaren Merete Morken Andersen skriv dette om å skrive: "Det er et digert løftearbeid å komme seg over i språket, men man må skrive noe, hva som helst. Begynne med det samme, skrive noe, gjerne noe tull, noe man kan stryke, krølle sammen og kaste ut av vinduet. Det gjelder å komme seg over i strykingen så fort som mulig. Alt kommer fra språk." I den siste setninga her kjem vi inn på det magiske med skrivinga: Alt kjem frå språk(legg no merke til at det vart betre på nynorsk.) Vidare skriv ho: "Det er særlig om natten at skrivearbeidet kan være som å sitte ved nedgangen til et underjordisk system".
Når eg skriv opplever eg ofte å kjenne ein slags rus. Denne rusen gjer meg høg og er roande på samme tid. Vin og øl har ikkje en sjans, med andre ord. Myta om den raudvinsdrikkande forfattaren=not me.
Alt kjem frå språk... som lesar av denne bloggen undrar du deg kan hende på kvifor eg av og til skriv på nynorsk, men stort sett på bokmål. Til det svarar eg: kjensla må vere der. Eg må kjenne etter kva for språk eg vil akkurat då. Når eg skriv noveller kan eg byrje å skrive på bokmål, men så vil ikkje orda fungere! Og omvendt.
No for tida held eg på med å oversetje nokre bokmålsnoveller som eg skreiv for fleire år sidan(med ikkje-utvikla nynorskbokmål-kjensle). Og eg ser over korttekstar eller kortprosa og ser kva som kan brukast. Eg blir nemlig meir og meir verpesjuk. Dette pressar enda meir på når eg finn att slike bilete som det ovanfor, kor eg står og les dikt for ein fullsett sal(medreikna Lars Lillo Stenberg), eg trur det var på Ibsenhuset i Skien. (Eg har nemlig studert i Telemark, der kor eventyra vart til, iflg. læraren min Dag Aanderaa).
Eg har fire notatbøker fulle med skribleri og skriblera- fallera! Her har eg leika meg med språket. Tru meg- det er nøkkelen. Ikkje sit alvorleg og klø deg i hovudet med penna, medan du ventar på inspirasjon. Skriv!
Som norsklærar kjem eg til å halde små skrivekurs. Eg gler meg til å sjå ungdommar oppdage det magiske ved skrivinga. Og eg skal fortelje elevane om korleis eg skriv. Om den gongen eg fekk novelletittelen Mor og meg deisande ned i hovudet og satt i ei hytte ved ei lakseelv og skreiv ned novella. Om då eg reiste til fjells i januar og skreiv Herrehistorier med fingervottar på.
Men no skin det ein sommar mot oss alle- ubrukte dagar med solgangsbris og myggestikk, aure på kroken og herlege teltnetter på mjuk mose i fjellet. Skriv eit sommardikt- det blir fint å varme seg på til vinteren... God sommar.

1 kommentar: