Velkomen til norskbloggen min! Her vil du finne betraktningar,tankar,overdrivingar, argumentasjonar og andre flagrande språkfuglar.Forhåpentligvis kan noko av det inspirere lesaren! Det er lov å kommentere og kverulere.God lesning.
lørdag 15. mars 2014
Om Snusmumrikken, våren og litt til
"Det er en kveld for sang, tenkte Snusmumrikken. En ny vise som skal ha en del forventning i seg og to deler vårmelankoli og resten bare grenseløs begeistring over å vandre og være alene og trives med seg selv. Melodien hadde han hatt under hatten i mange dager, men ikke riktig hatt mot til å ta fram ennå.Den måtte få lov til å vokse seg sterk og bli så glad og trygg at alle toner hoppet inn på sin rette plass bare han rørte ved munnspillet."(utdrag fra fortellinga "Vårvisen", Tove Jansson).
Eg veit ikkje kva som er årsaka til at eg elskar våren, men eg trur det er den nye, duggfriske starten, det jublande bruset frå fossen, blomer og kvitrande fuglar og dei skinnande blikka du møter hos menneske som har byrja å drøyme om sommar og laksefiske og fjellturar og campingvogn på slep gjennom Sverige. Eller kva dei no drøymer om. Det skin i allefall eit aldri så lite leirbål av forventning i auga deira, i augo som kanskje hadde gardinene trekt for i vinter, under januardepresjonen.
Det er mogleg at eg er barnslig(heilt fint, eg bryr meg lite om kva andre meiner), men Snusmumrikken er eit forbilde for meg. Eg ville gjerne vandre slik som han.
Etiketter:
Snusmumrikken/Tove Jansson
mandag 30. september 2013
tirsdag 7. mai 2013
søndag 10. juni 2012
Like barn... eller et dypdykk i nettdatingens verden
Før i tiden sa man at "like barn leker best", noe bonden på storgården også svor til i det han i god tid ordnet ekteskapskontrakt med noen som ville være et passende parti for familien/ætta- til kvaler for avkommet uten medbestemmelsesrett.
I dag møtes man på internett, i en verden uten øyekontakt. Der møter vi begrepet matching som en vel kan si er en sammenligning av to profiler, hvor kandidatene har krysset ut opplysninger om sine verdier,interesser, livsstil, personlighet/egenskaper(nb-sett med egne øyne) etc. Heri skal altså ligge strålende muligheter for å finne en person som kan matche ens krav eller kriterier som partner- vel og merke dersom man er ute etter et SPEIL. For like barn leker best- eller?
For det er jo fortsatt et annet ordtak som sier: "Motsetninger tiltrekker hverandre". Men motsetninger kan gi gnisninger og grunnlag for konflikter, skjær i sjøen, mislykket prosjekt, havari... Og det vil vi jo ikke ha noe av, for det har aldri vært viktigere å lykkes. For vi skal jo gjøre karriere, både på jobben og i privatlivet. Og vi vil nødig synke i status.
"Eg har alt! Kjering, onga og peng", sa en noe beruset bryllupsgjest en gang. Han var eks-ungkar og følte seg trolig nokså velsignet, noe han da gav uttrykk for i stunden. Han hadde fått alt han hadde higet etter og var såre fornøyd, ære være han for det. for noen blir jo aldri fornøyde. Selv når de har alt, vil de ha mer.
Jakten på "alt" og "mer" handler,tror jeg, mye om at vi trenger bekreftelse. Hvorfor trenger vi det? Er vi usikre på hvem vi er? Sliter vi kanskje med å være glad i oss selv? Det er så mange roller å spille. Så mange rekvisitter og kostymer å holde rede på. Via feks datingsider og sosiale nettsteder prøver vi febrilsk å fortelle hvem vi er, eller hvem vi ønsker å være.
Uansett hvor mye vi "matcher" så er kjærligheten risiko, er et ukjent landskap, et kart med ukjente stier.

fredag 27. april 2012
Leselysta!!
Eg har alltid vore ein lesar. Ein kronisk lesar. Men det siste året har det vore smått om denslags. Før no! Eg har fått tilbake lysta: leselysta! Det er artig- og no skal eg skrifte litt om korleis det gjekk til, og røpe kva for forfattarar som kan få æra for dette.
Først: ei nynorskskrivande forfatterinne ved namn Marit Eikemo. Tittel: "Samtale ventar".
Og: ein finne! Med navnet Paasilinna. Tittel: Kollektivt selvmord.
To ulike forfattarar, men produkta deira er spennande. Paasilinna fordi han tek for seg det uhøyrde og smører grundig på, eigentleg slik vi ventar det. For dei finske personane han skildrar- og deira skjørlevnet- er så absolutt finsk- slik vi er vande til å finne det. Men kanskje er det for mykje av det gode? Kanskje er det berre bekreftande, medan det som ville løfte stoffet til nye høgder er det som avkrefter og forbløffar. Men- det er mykje anna som forbløffar i hans litteratur. Så det får vere tilgitt. Ein oberst og ein mislukka forretningsmann møtast i ei løe. Dei er ute i samme ærend: begge har tenkt å avslutte livet. Men så får dei plutseleg nye forretningsideer og nye troppar å leie. Det vert mest av alt morosamt. Og det er god terapi i felles skjebne. Mykje livsnyting vert det og- om enn av den litt for fuktige sorten. Ideane får ei stor gruppe suicidale til å samlast til eit seminar- og derfrå blir det berre villare og villare. Men det er altså god litteratur.
Marit Eikemo er ikkje mykje finsk, men ho kan òg kunsten å overdrive- eller la personane sine gjere det. Ein tidlegare journalist som har møtt "veggen" og som via NAV for i oppdrag å samle dialektar- det er i seg sjølv ikkje så pirrande(ok, litt for ein norsklærar), men hvis du legg til at denne kvinna er sist i tredveåra, singel og veldig ugift, einsam, kontaktsøkande og facebookavhengig- så ligg det mykje i korta. Mellom anna mange møter, som ofte handlar om heilt andre ting enn dialekt. Eg blir irritert på dama. Eg vil gi ho eit spark bak. Eg vil gi ho litt lukke. På slutten av romanen får ho noko som liknar- og så håpar eg at det går ho betre etterkvart... Gjennom boka vart ho nemlig litt levande for meg. Og då vil eg seie: det er altså god litteratur.
Eg har òg studert oppbygning på romanane. Og konkludert med at romanen er ein spennande sjanger, der mykje er lov. Eg er usikker på om eg har tolmod nok til å skrive ein, men innser at det hadde vore artig å gjort det.
Eg skal berre studere litt meir medan eg let meg beruse og underhalde.
No skal eg lese ferdig Paasilinna før eg finn ut kva for ny bok som står for tur. Eg er svolten på god litteratur!
Abonner på:
Innlegg (Atom)