tirsdag 9. mars 2010

Kjærleikssorg?

Du har brote med meg
utan eit ord
det rykka i sjela mi
då du
sleit
No ligg to par vottar
på bordet
eitt blått
med lange, spørjande fingrer

men det ved sidan av
ein raud og ein svart vott.

Du har brote med meg
det er kjærleik og sorg no
berre kjærleik og sorg
men eg bryt
aldri
med meg sjølv og
frys
aldri
på henda.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar