fredag 10. februar 2012

Tingenes tilstand

Folk er så feige når det kjem til å seie korleis ein har det. Dei er mykje betre på å seie korleis dei "tar det"- og ikkje eit vondt ord om det, for det er jo og sunt på sin måte.
Eg ser med ein gong korleis mine disiplar(elevane) har det. Nokre gonger har dei stengt andletet med lås og slå. Andre gonger står skoddene vidopne og du kan formeleg høyrde gleda og galskapen deira fly ut som små sommarfuglar frå sjela.
"Ta med gitaren til norsktimane fredag". Forløysande ord. To timars "chill", vil nokon seie. To timars kreativ kos, vil eg seie. Forankra i læreplanmål med kjetting, er det. Ikkje noko tull. Men gleda!
Gleda vil eg vise fram. Ja.
I dag spurde ein av kollegene mine meg: Korleis går det? Eg lot meg ikkje innta. Eg kika visst fram bak ei tung tredør av tankar. I døra ein gullnøkkel. Den fekk stå i ro.
Det vert ikkje tid, vil eg skulde på. Men eg er ein av dei, dei feige folka. Som ikkje seier korleis dei har det. Men eg er verkeleg flink til å seie korleis eg tar det.