søndag 16. mars 2014

Om å bake det daglege brød

Det er søndag og eg tenkte det ville passe med ei lita preik. I dag skal ho handle om brød. 
Eg er glad i brød. Enkel konklusjon. Eg var fem år første gong eg fekk prøve å lage ein deig, takka vere mor mi, husmora, som fekk litt ekstra pedagogisk innsikt eller berre skjønte at Lillian ikkje kom til å gi seg... Eg fekk såpass frie tøyler at resultatet av forsøket ikkje vart etandes og måtte gis til fuglane...
Å bake brød er eit handverk. Ein bør bruke hendene. Det er noko autentisk med handlinga. Noko stabilt og truverdig. Ein kan(trur eg) stole på folk som bakar sitt eige brød. 
Å bake brød tar tid og det skal det. Omgrepet "slow food" innbefattar brød som matsort(og tapas, mellom anna). Ein kan gjere andre gode ting medan ein ventar på at brøda steiker eller etterhevar. Lese i ei bok... Eg har liggende ei bok om Karl Jung. Ei flott bok med øvingar som ein kan bruke for å oppdage seg sjølv, for kanskje å kunne bli eit litt betre menneske(ein treng jo ikkje vente med det til sitt neste liv!). Eller ein kan skrive litt i bloggen sin, om ein har ein...
Eventuelt kan ein tenkje, også ein god ting. Eller sjå ut og sjå at det snør!- etter ein hittil snølaus vinter... 
Ein kan og drøyme om så mangt; Sommaren. Sykkelturar. Fjell-liv. Venskap. Samtalar. Kjærleik. 
Men tilbake til hovudtema! Eg baker brød i dag. Eg har sett to deigar etter eiga utspekulert oppskrift med sammalt spelt, økologisk kveitemjøl, havregryn og halv gjærmengde. Eg krydrar gjerne med muskat og ingefær... Hildegard von Bingen(1098-1179) ville likt det. Slike krydder skulle vere bra for konsentrasjon og prestasjonsevne, hevda ho. 
Då er eg klar for å bake ut dei neste fire brøda, og skal gi meg her før nokon trur at eg har starta matblogg :-) 

Amen. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar