lørdag 17. desember 2011

Eg trur eg har det i meg.


Lærarutdanninga spør: Har du det i deg? Men kva er noe dette "det"?
Eg skal tilstå: lærarhjernen og lærarhjartet mitt tek ikkje helg kl. 15.45 fredag. No tenkjer eg ikkje på retting og planlegging- det tek eg ofte fram kl. 17.00 søndag. Eg tenkjer på at eg tenkjer på elevane. Og på undervisninga. Og på kollegane. Det er nesten slik at eg treng eit par dagars avvenning før eg kan koble ut tankane på dette. Eg veit at det kan bli varmgang og at sikringar kan ryke. At motoren kan gå varm.
Men under ligg gleda, god og varm og ekte. Eg er glad i arbeidet mitt.
Det er ikkje så rart. Sjølv om eg tek i mykje papir, er det jo menneske eg arbeider med. Menneske- og kunnskap. To ting eg elskar.
Så eg trur eg har det i meg.
Vil med dette ønske alle blogglesarane,elevar i 10A(superdupre) og i 8B(like superdupre) ei kjempefin jul. Gler meg til å vere lærar også i 2012.

fredag 2. desember 2011

Tiddelibom.



EG vil ha snø!
Eg VIL ha snø!
Eg vil HA snø!
Eg vil ha SNØ!

Dersom ALLE som vil ha snø seier dette ca 100 gonger kvar dag, så må det vel kunne komme LITT snø?
Musklane mine bak i ryggen og nakken- dei vil ut og trimme på seg. Til det treng ein snø.
Difor dette tullete innlegget, med tema: snø.
Eg er ikkje på fjesboka så dette er mitt bidrag til fjaset.
Altså:
Snø. No.
Amen.

PS. Biletet er sjølvsagt frå i FJOR. Uhuuuu......