lørdag 17. desember 2011

Eg trur eg har det i meg.


Lærarutdanninga spør: Har du det i deg? Men kva er noe dette "det"?
Eg skal tilstå: lærarhjernen og lærarhjartet mitt tek ikkje helg kl. 15.45 fredag. No tenkjer eg ikkje på retting og planlegging- det tek eg ofte fram kl. 17.00 søndag. Eg tenkjer på at eg tenkjer på elevane. Og på undervisninga. Og på kollegane. Det er nesten slik at eg treng eit par dagars avvenning før eg kan koble ut tankane på dette. Eg veit at det kan bli varmgang og at sikringar kan ryke. At motoren kan gå varm.
Men under ligg gleda, god og varm og ekte. Eg er glad i arbeidet mitt.
Det er ikkje så rart. Sjølv om eg tek i mykje papir, er det jo menneske eg arbeider med. Menneske- og kunnskap. To ting eg elskar.
Så eg trur eg har det i meg.
Vil med dette ønske alle blogglesarane,elevar i 10A(superdupre) og i 8B(like superdupre) ei kjempefin jul. Gler meg til å vere lærar også i 2012.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar