fredag 27. april 2012

Leselysta!!

Eg har alltid vore ein lesar. Ein kronisk lesar. Men det siste året har det vore smått om denslags. Før no! Eg har fått tilbake lysta: leselysta! Det er artig- og no skal eg skrifte litt om korleis det gjekk til, og røpe kva for forfattarar som kan få æra for dette. Først: ei nynorskskrivande forfatterinne ved namn Marit Eikemo. Tittel: "Samtale ventar". Og: ein finne! Med navnet Paasilinna. Tittel: Kollektivt selvmord. To ulike forfattarar, men produkta deira er spennande. Paasilinna fordi han tek for seg det uhøyrde og smører grundig på, eigentleg slik vi ventar det. For dei finske personane han skildrar- og deira skjørlevnet- er så absolutt finsk- slik vi er vande til å finne det. Men kanskje er det for mykje av det gode? Kanskje er det berre bekreftande, medan det som ville løfte stoffet til nye høgder er det som avkrefter og forbløffar. Men- det er mykje anna som forbløffar i hans litteratur. Så det får vere tilgitt. Ein oberst og ein mislukka forretningsmann møtast i ei løe. Dei er ute i samme ærend: begge har tenkt å avslutte livet. Men så får dei plutseleg nye forretningsideer og nye troppar å leie. Det vert mest av alt morosamt. Og det er god terapi i felles skjebne. Mykje livsnyting vert det og- om enn av den litt for fuktige sorten. Ideane får ei stor gruppe suicidale til å samlast til eit seminar- og derfrå blir det berre villare og villare. Men det er altså god litteratur. Marit Eikemo er ikkje mykje finsk, men ho kan òg kunsten å overdrive- eller la personane sine gjere det. Ein tidlegare journalist som har møtt "veggen" og som via NAV for i oppdrag å samle dialektar- det er i seg sjølv ikkje så pirrande(ok, litt for ein norsklærar), men hvis du legg til at denne kvinna er sist i tredveåra, singel og veldig ugift, einsam, kontaktsøkande og facebookavhengig- så ligg det mykje i korta. Mellom anna mange møter, som ofte handlar om heilt andre ting enn dialekt. Eg blir irritert på dama. Eg vil gi ho eit spark bak. Eg vil gi ho litt lukke. På slutten av romanen får ho noko som liknar- og så håpar eg at det går ho betre etterkvart... Gjennom boka vart ho nemlig litt levande for meg. Og då vil eg seie: det er altså god litteratur. Eg har òg studert oppbygning på romanane. Og konkludert med at romanen er ein spennande sjanger, der mykje er lov. Eg er usikker på om eg har tolmod nok til å skrive ein, men innser at det hadde vore artig å gjort det. Eg skal berre studere litt meir medan eg let meg beruse og underhalde. No skal eg lese ferdig Paasilinna før eg finn ut kva for ny bok som står for tur. Eg er svolten på god litteratur!