lørdag 15. mars 2014

Om Snusmumrikken, våren og litt til

"Det er en kveld for sang, tenkte Snusmumrikken. En ny vise som skal ha en del forventning i seg og to deler vårmelankoli og resten bare grenseløs begeistring over å vandre og være alene og trives med seg selv. Melodien hadde han hatt under hatten i mange dager, men ikke riktig hatt mot til å ta fram ennå.Den måtte få lov til å vokse seg sterk og bli så glad og trygg at alle toner hoppet inn på sin rette plass bare han rørte ved munnspillet."(utdrag fra fortellinga "Vårvisen", Tove Jansson). Eg veit ikkje kva som er årsaka til at eg elskar våren, men eg trur det er den nye, duggfriske starten, det jublande bruset frå fossen, blomer og kvitrande fuglar og dei skinnande blikka du møter hos menneske som har byrja å drøyme om sommar og laksefiske og fjellturar og campingvogn på slep gjennom Sverige. Eller kva dei no drøymer om. Det skin i allefall eit aldri så lite leirbål av forventning i auga deira, i augo som kanskje hadde gardinene trekt for i vinter, under januardepresjonen. Det er mogleg at eg er barnslig(heilt fint, eg bryr meg lite om kva andre meiner), men Snusmumrikken er eit forbilde for meg. Eg ville gjerne vandre slik som han.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar