tirsdag 31. mai 2011

Om nynorskens far og hans store føter


...med skråblikk på nynorskopplæringa.
Ivar Aasen hadde visstnok uvanleg store føter. Det er heldigvis ikkje storleiken det kjem an på, men kan hende korleis ein brukar han... Ivar Aasen brukte pailabbane godt, for han gjekk mil etter mil i ”nynorskens skog”. Ein har reikna ut at han frå 1842-1846 forflytta kroppen til saman 153 mil. For moro skuld kan vi seie at han gjekk, men sanninga er vel at han både gjekk, reiste med båt og satt på med hesteskyss.
Ivar Aasen kom til verda i 1813 i Ørsta, vart morlaus i 1816 og mista far sin i 1826 Etter ei periode som gardsarbeider under broren si leiing, vart han omgangs-skulelærar i 1831, 18 år gammal.
Aasen startar si lærargjerning utan utdanning. I 1833 kjem han til prost Thoresen, der han får opplæring. Han lærer der tysk og latin og skriv dikt. Han blir trulova med tenestejenta hos prosten, men bryt med ho. I 1835 reiser han til Solnør og blir huslærar.
Aasen har ein utruleg hug til å lære språk. Studerer fransk, engelsk, islandsk og norrønt. Utviklar eit samanliknande perspektiv. Ivar skriv ein grammatikk over sunnmørsmålet. Han oppdagar likskapen med islandsk og norrønt. Det er AKKURAT rette tida for slike tankar. Nasjonsbygginga har byrja. Eidsvollsgrunnlova har opna for tanken om det særeigne norske, og dette innbefattar sjølvsagt SPRÅKET. Det blir tala dansk i dei høgare sosiale laga i byane, medan ein på bygdene tala dialekt. Skriftspråket var i det heile dansk. Noko måtte hende…
I 1842 byrjer Ivar å reise rundt i Noreg land for å samle språkstoff, dvs han samlar dialektar, for å skape eit norsk språk, landsmålet. Aasen vil nærme seg det opprinnelege, og tek utgangspunktet i norrønt og dei norske dialektane.
Visste du forresten at Aasen hadde botaniske interesser? I 1839 gjer han ferdig eit herbarium med 509 plantar frå Sunnmøre. Aasen var ein slags mummitrollsk Hemul, som altså ikkje berre systematiserte ord, men òg blomar.

Så kjære norsklærar! Når du no skal til med nynorskopplæringa: Kva kan vi bruke Aasen og hans lidenskap til i dag?? OG korleis kan vi få elevane til å forstå det Ivar Aasen likte best: Grammatikk – av det nynorske slaget.

SVAR: Leik med grammatikken, lag spel, lag teikneserie om korleis nynorsken vart til, repetèr ofte, oversett bokmålsdikt til nynorsk, sei at dikta er yndlingsdikta dine og at dei vart mykje vakrare på nynorsk. Lag ei artig ramme ala Storyline- lag ein marsboar av papp og lat som at nynorsk er det einaste språket i Noreg. Gi så den grøne mannen ei enkel og grei opplæring i språket.
Tenk gjerne tverrfagleg! Kvifor ikkje la elevane skrive nynorsk i alle fag i ein månad eller to? Halde nynorsken varm. Få den under huda. Ein kan ikkje få gjort mykje med ein time nynorsk i månaden. Ein må ta nynorsken i bruk...
Lag eit nynorskkurs for grøne menn!! Eller lag ei nyhendesending på nynorsk! Spring og hent filmutstyret no… før nokon kjem deg i forkjøpet. Eller set i gang elevane med å skrive barnebok på nynorsk!
Er det vanskeleg då ? Nei da , nei da. Men det må ufarleggjerast,- mølla må ut av skapet. Blomene i kjøkenglaset må ha vatn . - Gje meg vatn!! , skrik blomene hans Ivar. Så kan ein prøve Ivar Aasen sine sko. Skrive, skrive, skrive. Trampe rundt i nynorskens skog om hausten, når gule, raude og brune blad ligg som gyldne teppe i skogen og du trør mjukt, mjukt, kan hende du legg deg ned i lauvet og kjenner angen av ein sommar som har reist forbi. Der skriv du dine vakre nynorske ord. Åh, dei er det mange av. Og dei er vakre.
Hankjønnsord har si bøying og sine unntak, verba sine staute soldatar på geledd, adjektiva sine konvensjonar, pronomena har òg sine uvanar på nynorsk, som på bokmål. Hvis nynorsk var den nye norsken, kvifor kan ein ikkje forska på den nye norsken? Undra seg på hva det eigentleg har for meining, undra seg, bli forundra. Heri ligg den, nøkkelen til læringa: undringa. Undringa over å gå i nynorskens skog, den han Ivar gjekk i, med sine store føter.

(Biletet ovanfor viser meg, også ein vandrar, med med små føter...)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar