lørdag 12. november 2011

Nynorsk spynorsk?

Nynorsk.
Spynorsk?
Eg undrar meg på kva det eigentleg er som gjer at så mange hatar nynorsk.
Nynorsk sug, skriv ungdommen. (Her skal det stå SYG.) Når eg høyrer ordet SYG, så tenkjer eg mest på babyen som syg melk frå mora sitt bryst, men det er no meg. :p
Likevel: eg har tru på endring!
For: Tenk dialekt, skriv nynorsk- er eit godt utgangspunkt for mange elevar i landet vårt. Ikkje for alle, men i Nord-Trøndelag skulle ein vere rimelig sikker. Eg kjem lurande med mystiske plastposer med rare ting oppi: kokebøker, eventyrbøker, CD-plater, kortstokkar med nynorske verb på etc. Kva blir det neste adjunkt Govasli kjem drassande med? Ivar Aasen-sjokolade? Mållagskake?
Eg har latt disiplane på tiande trinn få ut frustrasjonen. Eg sa: Snakk no ut frå levra om kor djupt du hatar nynorsk, kor lite turvande du syns det er å lære nynorsk og kor inderleg du hatar at norskfaget har eigen karakter i nynorsk. Eg sa: No er eg psykologen og de er pasientane mine. Og det kom ut: Det velta fram som eit anna verbalt steinras- det buldra og bråka- og så vart det stilt. Så kunne arbeidet byrje.
Motstand er bra.
Fredag 11.11.11 vart ein magisk dato for nynorsken hos tiande klasse. Sukk og stønn og nynorskallergi var bytta ut med konsentrasjon,ro og smil. Elevane omsette oppskrifter, eventyr og songtekstar(endog frå engelsk til nynorsk!)akkompagnert av alt frå læraren sin medbrakte Cohen til hippe poplåtar rykande ut frå youtube. Og resultatet: framifrå nynorsk. Sjølv gutane som freste og fnyste aller mest innbitt over "spynorsken" påsto at dei hadde vorte avhengige av nynorskkortspelet som læraren deira har laga i seine nattetimer.
Ja- det er ei von- ei veksande von- for nynorsken!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar